Velkommen til Kunstreise Seljord - ei kunstreise mellom dei tre galleria; Kunstlåven i Seljord, Nutheim Kunstsenter i Flatdal og Eva Bull Holtes Museum i Åmotsdal.
På kvar stad kan ein kjøpe gjennomgangsbillett for kr 150,-. Denne gjeld på alle tre galleria same dagen.
Om dei tre galleria:
Eva Bull Holtes Museum
Eva Bull Holtes Museum ligg i Åmotsdal og stiller ut mange av Eva Bull Holtes verk i tillegg til å ha ein nye gjesteutstillare kvart år.
Gjestutstillar 2024: Morten Slettemeås - "Daylight Hours" (måleri).
I handverkstunet: Borgild Telnes og Gry Marie Grindbakken - "Ein skog av trådar" (tolkningar i tråd, tekst og teikn).
Nutheim Kunstsenter
Nutheim Kunstsenter - med age for det gamle og giv til det nye. Nutheim Kunstsenter skal vere eit kraftfelt for kunst og kultur i regionen og arrangere konsertar, kurs og kuratere utstillingar av høg kunstnarisk kvalitet. Målgruppa er både lokalbefolkninga og kulturinteresserte turistar.
Sommarutstilling 2024: Anne Stabell - "Den langsomme veien gjennom skog og hjem".
Kjellargalleriet: Anne Solberg - "Ild, vann og svart stein" (Keramikk).
Kunstlåven:
Kunstlåven i Seljord har årleg gjesteutstillingar, med nye utstillare kvart år.
Sommarutstillinga ”TRÅD”
Myttings Hekneveven
Ullutstilling kring Nord-Atlanteren
Tore Holters fotosamling.
Du kan lese meir om kvar einskild utstilling under.