Aktivitetsparken i Eidsborg
TypeAktivitetspark
TripAdvisor Vurderinger
26 AnmeldelserTripAdvisor Vurderinger
26 AnmeldelserMe har eit aktivitetsområde på museet der unge og gamle kan leike seg inn i historia. Sentralt i parken er ein 105 meter lang vassførande modell av Telemarkskanalen med sluser og kopiar av dei historiske båtane. Her kan du sluse brynestein, tømmer og turistbåtar frå Dalen til Skien og attende. Du kan leige modellbåt på museet, eller ta med din eigen (ikkje fjernstyrt).
Me har vidare ein stor båt for klatring og moro, Dalen Hotel i miniatyr og kraftstasjon som viser korleis Telemarksvassdraget også produserer straum.
Parken byr og på andre aktivitetar for heile familien. Her finn du ein husmannsplass med fleire bygningar og ei smie. Du kan prøve deg på lafting, runerissing eller skyte med pil og boge. På torsdagar og sundagar kan du oppleve forskjellige handverkstradisjonar som spikking, farging av garn, spinning, smiing og mykje meir.
Parken er open med slusing og aktivitetar midtsommars. Elles er det mogleg å ta ein tur i parken på eiga hand i opningstida til Vest-Telemark Museum Eidsborg. Det skal løysast billett i resepsjonen på museet.
Velkomen til ein museumsoppleving utanom det vanlege!
Billettype | Billettavgift |
---|---|
Båt Leige av modellbåt til slusing | NOK 50,00 3 timer |
Born 6-15 år Kanalpark, museum og stavkyrkje | NOK 65,00 kombinasjon billett |
Familiebillett Kanalpark, museum og stavkyrkje | NOK 340,00 kombinasjon billett |
Grupper min. 10 pers. Kanalpark, museum og stavkyrkje Omvisargebyr 800,- | NOK 110,00 kombinasjon billett |
Honnør/student Kanalpark, museum og stavkyrkje | NOK 110,00 kombinasjon billett |
Vaksen. Kanalpark, museum og stavkyrkje | NOK 130,00 kombinasjon billett |
All tickets include stave church, activity park and museum
Open for slusing (15 Jun 2025 - 15 Aug 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag - Søndag | 10:00 | - 16:00 |
* Det er høve til å gå gjennom kanalparken sjølv om der ikkje er slusing. Grunna fare for frost er der kun vatn i kanalen i sommarhalvåret.
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…