Utforsk Telemark

English

Norsk

Eidsborg stavkyrkje

TypeKirke

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

TripAdvisor Vurderinger

TripAdvisor Vurderinger - 31 Anmeldelser31 Anmeldelser

Legg Eidsborg stavkyrkje til i reiseruten din.

Fra NOK 70,00
Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.
  • Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.
  • Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.
  • Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.
  • Kvinne i mellomalderklede går opp midtgangen i Eidsborg stavkyrkje.
  • Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum. Eidsborg stavkirke. Stave church
  • Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.
  • Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.
  • Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.
  • Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.
  • Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.
  • Stavkirke. Stave church. Eidsborg stavkyrkje, Vest-Telemark museum.

Om

La omvisaren ta deg med på ei reise gjennom 800 år. Høyr om historia til stavkyrkjene og korleis kyrkja i Eidsborg har endra seg frå 1100-talet og frametter i takt med tru og skikk. Her får du mellom anna soga om helgenfiguren Nikuls.

Stavkyrkjene blir rekna som Noregs bidrag til verdsarkitekturen. I mellomalderen fanst det truleg fleire enn 1500 stavkyrkjer. Ein gjekk lenge utifrå at Eidsborg stavkyrkje blei bygd mellom 1250 og 1270. I 2023 blei det innhenta nye boreprøver og fotoprøver av bygningsdelar i stavkyrkja. Rapporten basert på prøveresultata kom hausten 2024, og konklusjonen der er at kyrkja i Eidsborg kan vere reist rett før 1150, altså 100 år tidlegare enn me har trudd! Det plasserer Eidsborg stavkyrkje blant dei fem eldste stavkyrkjene i landet.

Ta ein tur innom stavkyrkja på ein 360 graders visning

Eidsborg stavkyrkje er ei av dei best bevarte av landets 28 stavkyrkjer frå mellomalderen. Det er den andre kyrkja i Eidsborg, og ho erstatta ei stolpekyrkje som stod på same staden. I kyrkja finn du helgenbiletet av St. Nikolaus, eller Nikuls som bygdefolket kalla han. Rundt denne vaks det fram ein særskild kultus med særtrekk du berre finn her.

Gjennom kyrkjelege påbod og reformar, endra eigarskap, skiftingar i tru, mote og plassbehov har kyrkja blitt endra opp gjennom hundreåra. Stavkyrkja var i 2010 ferdig restaurert etter tre års arbeid. Eit treårig prosjekt som innebar nye rundar med tjærebreiing vart avslutta våren 2020.

I 2008 blei det lansert ei historiebok om Eidsborg stavkyrkje, skrive av religionshistorikar Øystein Morten. Boka er å få kjøpt i museumsbutikken til Vest-Telemark museum.

Kyrkja er ei levande soknekyrkje med gudstenester og brurevigslar i perioden mai til september. Sjå heimesida til kyrkja i Tokke for meir informasjon: www.kyrkja.tokke.no  

I sesong er det omvising til faste tider tre gonger om dagen, i opningstida til Vest-Telemark museum Eidsborg, såframt det ikkje kolliderar med den kyrkjelege verksemda.

Utanom opningstider kan ein bestille omvising for grupper heile året, så sant vér og føre tillet det.
 

Fasiliteter

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • omvisning etter avtale
  • omvisning i åpningstiden

TripAdvisor

TripAdvisor

TripAdvisor Traveller Vurdering:

4.5 of 5 stjerner
    • Ypperlig
      14
    • Svært bra
      15
    • Gjennomsnitt
      2
    • Dårlig
      0
    • Forferdelig
      0

    Siste anmeldelser:

    • anneberitb234
      Type reise:
      Reise alene
      Prakt eksempel på komakt med innholdsrik stavkirke
      5 of 5 stjerner
      Mandag, 5. Juli 2021
      Stavkirka er litt mindre enn de jeg har vært på tidligere men størrelsen gjorde at man kunne se detaljene bedre. Guiden var utrolig kunnskapsrik og fortalte om national og lokal religionshistorie... Les hele anmeldelsen
    • 894hannes
      Skien, Norge
      Type reise:
      Venners utflukter
      Like flott og imponerede
      5 of 5 stjerner
      Lørdag, 28. August 2021
      Flott og imponerende byggverk.. jeg blir like imponert hver gang jeg besøker stedet. Bruk god tid. Været var flott og solen skinte. Les hele anmeldelsen
    • 676irenm
      Oslo, Norge
      Type reise:
      Reise alene
      Flott liten stavkirke
      5 of 5 stjerner
      Tirsdag, 26. Juli 2022
      Flott liten stavkirke fra 1200-tallet med utsøkt beliggenhet. Til tross for størrelsen er det mye å få med seg, særlig hvis man får med seg omvisning inne også. Vel verdt å få med seg friluftsmuseet... Les hele anmeldelsen

    Pris fra

    BillettypeBillettavgift
    Born 6-15 år Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 70,00 kombinasjon billett
    Familiebillett Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 370,00 1 dag
    Grupper min. 10 pers. Museum og stavkyrkje. Omvisargebyr kr 800,-NOK 120,00 kombinasjon billett
    Honnør/student Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 120,00 kombinasjon billett
    Vaksne (frå 16 år) Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 140,00 kombinasjon billett

    Med forbehold om prisendringer.

    Kart

    Kontakt

    +47 35 06 90 90

    Åpningstider

    Omvising i stavkyrkja kl 11:00, 13:00 og 15:00 (1 Mai 2025 - 15 Sept 2025)

    * Kyrkja er ikkje open mellom omvisingane!
    Omvising kan tingast for grupper utanom sesong.

    Også i nærheten

    1. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

      Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

      18 m Unna
    2. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

      Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
      Loftet…

      105 m Unna
    3. Vest-Telemark museum Eidsborg

      Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

      236 m Unna
    1. Vil du gifte deg?

      Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…

      250 m Unna
    2. Statkraft visingssenter

      Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

      269 m Unna
    3. Brynesteinsbrotet

      I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

      965 m Unna
    4. Grimdalstunet

      Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

      7.48 km Unna
    5. Åmdals Verk gruver

      Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

      10.39 km Unna
    6. Øyfjell bygdemuseum

      Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

      14.66 km Unna
    7. Øverbø - Sondres heim

      Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

      20.83 km Unna
    8. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

      Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…

      22.47 km Unna
    9. Norsk Skieventyr i Morgedal

      Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

      22.47 km Unna
    10. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

      Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
      Midt i det telemarkske…

      23.90 km Unna
    11. Skinnarlandsamlinga på Rauland

      Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

      25.66 km Unna
    12. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

      Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

      25.72 km Unna
    13. Kviteseid bygdetun

      Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

      30.76 km Unna
    Previous Next

    Se også

    Vest-Telemark museum Eidsborg, TokkeEit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar. Ope for bestilling utanom sesong.

    Brynesteinsbrotet, TokkeI over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein eit effektivt kastevåpen, slik sagaen fortel frå slaget ved Fimreite. Sjå innhaldsrik brynesteinsutstilling på Vest-Telemark museum Eidsborg og vandre opp i brota.

    Museumskafé Eidsborg, TokkeMed flotte, ljose lokale med utsyn mot bygdetunet og Eidsborg Stavkyrkje er museumskafeen i Eidsborg ei fantastisk ramme for ein matbit eller ein kortreist middag. Ope for bestilling (grupper og selskap) stort sett heile året.

    group of hikers at the top of the brynestein quarryBrynesteinsvandring, TokkeSpennande turveg frå Vest-Telemark Museum i Eidsborg til det historiske Brynesteinbrotet. Få med deg brynesteinsutstillinga på Vest-Telemark Museum fyrst.

    Aktivitetsparken i Eidsborg, TokkeAktivitetspark for heile familien - med ein vassførande modell av Telemarkskanalen i målestokk 1:1000. Her kan du sluse og vere med på andre aktivitetar.

    Ikke gå glipp av