Vest-Telemark er ei skattekiste av historie, kunst og kulturarv - som du kan oppleve ved våre museum. Vest-Telemark Museum driv til saman 11 einingar - både temamuseum, bygdetun og kunstgalleri. Hovudmuseet ligg i Eidsborg ovanfor Dalen øvst i Telemarkskanalen, rett ved Eidsborg stavkyrkje.