Årets kunstutstilling på Grimdalstunet er open frå 25. juni til 15. august
Gjesteutstillarar i 2024 er:
Målar, grafikar og illustratør Anne Kristin Hagesæther
Anne Kristins kunst handlar om avstanden til, og lengselen etter, naturen og det norske landskapet. Som mange med henne lengtar ho etter å ha tid til å vera heilt til stade i naturen, opplevingar, relasjonar - og i eige liv.
Fjell og tre går att som gjenkjennelege motiv, robuste og sårbare på same tid. Titlane er ofte inspirert av sangtekstar, salmer eller romanar. Ein kjærleik til naturen, eit vemod over klimaendringane, men og kampvilje, kraft og optimisme
ligg under når kunstnaren skaper sine maleri og litografi.
Biletkunstnar Randi Beck
Randi Beck (f. 1966) er født på Nesbygda i Svelvik kommune,
og bestemte seg tidlig for å bli biletkunstnar.
Ho drog som 17-åring til Kunstskolen i Kabelvåg, og blei deretter utdanna ved Statens kunstakademi i Trondheim. Ho var i denne tida også gjesteelev ved Kunstakademiet i Breda, Nederland.
Den allsidige kunstnaren har stilt ut fleire stader i landet, og har gjort fleire utsmykkingsoppdrag i offentlige bygg.
Randi Beck har dei seinere årea flytt attende til Vestfold, og bur og jobbar nå i Stokke.
Fotograf Torleif Lie
Torleif Lie jobbar med konseptuell kunst, abstrakte motiv, dokumentar og naturbilder.
Lie er ein prisbeløna fotograf. Han har mottatt meir enn 200 utmerkelsar og prisar i fleire av verdas mest anerkjente internasjonale fotokonkurransar; Hasselblad Masters, Prix de la Photographie Paris, London International Creative Competition, International Photography Awards - IPA, Professional Photographers of America, Federation of European Photographers, One Eyeland, International Photography Awards, International Color Awards.
I 2022 vann han fyrsteplass i Landskonkurransen inna kunstfotografi (Åpen Klasse). Landskonkurransen er den offisielle nasjonale konkurransen for alle yrkesaktive fotografar i Norge.
Torleif var ein av ti finalistar i anerkjente Hasselblad Masters 2022 i luftfotografi-kategorien.
I 2021 var han på landslaget i fotografi, som representera Noreg i The World Photographic Cup.
I 2020 vann han fyrsteplass i Budapest International Foto Awards, Professional, Nature.
Biletserien “How we Bleed the Earth, our Guilt and Shame" blei i 2020 valt til Top 5 av International Photo Awards - IPA
Som ein av få leverandørar i verda, tilbyr Thor Fine Art nokon av verdas mest eksklusive kunst medium, deriblant DIASEC TruLife Acrylic, samt håndlaga rammer i heiltre eik og amerikans valnøtt, som komplimenterar dei eksklusive kunst medium.
Online Gallery; https://thor.photography/product-category/signature-collection/
Bendik Prestegård Vatne
er biletkunstnar, busett i Bø i Telemark, med utdanning frå KMD (Fakultet for kunst, musikk og design ved UiB). Vatnes kunstnarskap ligg i skilje mellom bilete og skulptur.
Han skapar ofte todimensjonale biletelement som bearbeidast vidare til tredimensjonale verk. Eksempelvis teiknar eller trykker han på papir, som igjen kuttast i og legges lagvis oppå kvarandre slik at det dannast eit rom inn i verket.
I skjeringspunktet mellom det todimensjonale og tridimensjonale ligg ein kontrast mellom det enkle og noke veldig komplekst. Det er og beskrivande for sjølve utrykket og formspråket i verka. Arbeida teiknar ei anna verd som liknar litt på vår eigen, men der størrelsar, roller og dynamikk er endra. Menneska er ofte små aktørar i eit økosystem der dei ikkje nødvendigvis er på topp, og der det fins uforklarlege magiske element i bilete som vi ikkje kjenner att frå vår eiga verd. Vatne er opptatt av historieforteljing, men ynskjer ikkje å fortelje ein eintydig historie. I staden vil han trekke tilskodarane inn i ei mystisk og litt uforklarleg verd, som kanskje kan sette vår eigen i perspektiv.
Hjarteleg velkomen!
Grimdalstunet tar i mot førehandstinga grupper heile året.
Frå 25. juni – 15.august ope kvar dag (utanom mondag) kl. 11-17.
Grimdalstunet i Skafså (25 Jun 2024 - 15 Aug 2024) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag | Stengt | |
Tirsdag - Søndag | 11:00 | - 17:00 |
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…