Om
Frå mellomalderen og fram til 1850-talet gjekk det føre seg ein årleg valfart gjennom Telemark til Røldal. Målet var krusifikset i Røldal stavkyrkje. Legenda fortel at kvar jonsok sveitta krusifikset i kyrkja, og sveitten var undergjerande. Folk strøymde til fra inn- og utland for å bli lækte. Røldal vart på den tid eit av dei viktigaste pilegrimsmåla i landet. Berre Nidaros var større, men dit stoppa vandringane med reformasjonen. Medan dei til Røldal heldt fram i endå 300 år.
Vår tids pilegrimsvandring går i pilegrimane sine fotspor langs dei gamle vegane mellom Vest-Telemark og Røldal. Vandringa går i variert natur, gjennom bygder og over høgfjell. Dei lokale sogelaga sine representantar er kjentmenn og førarar på turen. Dei vil ikkje bare leie deltakarane gjennom det fysiske...Les mer
Om
Frå mellomalderen og fram til 1850-talet gjekk det føre seg ein årleg valfart gjennom Telemark til Røldal. Målet var krusifikset i Røldal stavkyrkje. Legenda fortel at kvar jonsok sveitta krusifikset i kyrkja, og sveitten var undergjerande. Folk strøymde til fra inn- og utland for å bli lækte. Røldal vart på den tid eit av dei viktigaste pilegrimsmåla i landet. Berre Nidaros var større, men dit stoppa vandringane med reformasjonen. Medan dei til Røldal heldt fram i endå 300 år.
Vår tids pilegrimsvandring går i pilegrimane sine fotspor langs dei gamle vegane mellom Vest-Telemark og Røldal. Vandringa går i variert natur, gjennom bygder og over høgfjell. Dei lokale sogelaga sine representantar er kjentmenn og førarar på turen. Dei vil ikkje bare leie deltakarane gjennom det fysiske landskapet, men og gjennom kulturen og historia langs vegen. Det vil bli spesielle markeringar ved dei kyrkjene pilegrimane passerer på vegen vestover.
Pilegrimen er ein tur for både kropp og sinn, eit kvilerom med plass til ro og ettertanke. Det er ei vandring og eit møte, ikkje berre med vakker natur og interessante soger, men og med menneske ein kanskje elles ikkje ville ha møtt.
Natur og kultur vil gå hand i hand, og vandringa passar for alle, anten målet er den indre reisa eller den kulturhistoriske.
DAGSETAPPANE:
Terrenget er forskjellig frå dag til dag. Vi byrjar i låglandet, går over heiar og høgfjell til vi til sist går ned dalane til Røldal.
Dei tyngste dagsetappane er nok dei frå Morgedal til Øyfjell (kupert terreng), frå Edland til Vågsli d.v.s. over Haukeliheii (bratt stigning opp frå dalen) og frå Vågsli til Ulevå, d.v.s. over Haukelifjell (fint høgfjellsterreng, men lang dag). På denne etappa kjem pilegrimsvegen opp i 1190 m.o.h.
Det blir ordna med transport opp den bratte lia i Morgedal. Dei som ynskjer å gå opp lia kan sjølvsagt gjere det. Vi snakkar meir om dette når vi møtest.
I Vågsli/Haukelifjellområdet må vi transporterast med buss fram og tilbake til overnattingsstaden Haukelifjell Skisenter kvar dag. Dette fordi det ikkje er andre passande overnattingsstader i dei områda vi går gjennom.
Vandringa frå Seljord til Røldal går over ni dagar. Alle treng eit fysisk fundament for å gjennomføra turen.
Etappane er slik:
- Seljord – Morgedal 22 km
- Morgedal – Øyfjell 21 km
- Øyfjell – Åmot 18 km
- Eidsborg-Åmot 22 km
- Åmot – Mjonøy 15 km
- Mjonøy – Haukeligrend 23 km
- Haukeligrend – Vågslid 19 km
- Vågslid – Ulevå 17 km
- Ulevå – Svandalsflona 15 km
- Svandalsflona – Røldal 12 km
- Pilegrimsseminar i Røldal
- Pilegrimsseminar- Heimreise
Les mindre