Velkomen til nytt seminar om Draumkvedet i regi av Vest-Telemark museum!
Draumkvedet er ein mellomalderballade som blei skriven opp i Vest-Telemark på 1800-talet. Balladen er Noreg sitt «bidrag» til eit felleseuropeisk tilfang av visjonsdikt med både katolske og førkristne element. Det har vore mykje forsking kring alderen og opphavet, utan at svaret er gjeve. Draumkvedet har inspirert kunstnarar av alle slag gjennom 150 år.
Det årlege Draumkvedet-seminaret ved Vest-Telemark museum Eidsborg undersøkjer korleis Draumkvedet har noko å seie for oss i dag. Nye innfallsvinklar frå ulike fagfelt set den tradisjonelle Draumkvedet-forskinga i perspektiv. Seminaret set òg fokus på Draumkvedet som sanseleg oppleving i fleire kunstformer. Ei live framføring av Draumkvedet er fast del av seminaret.
Draumkvedet i vår tid 2025: Heilagvise eller mad song?
Denne gongen er heile seminaret på éin dag: laurdag 29. mars kl. 9.00 - 17.30. Programmet inneheld to føredrag, videovising, omvising, utflukt med synfaring og framføring av Draumkvedet i Veum kyrkje (Fyresdal). I Fyresdal skal me vitje kulturminnestaden Gamle Heggland kyrkje, som i fjorårets seminar blei peika ut av kulturhistorikar Herleik Baklid som ein mogleg stad «Broksvalin» i Draumkvedet visar til.
PROGRAM
9.00 Start med kaffe
9.15 Introdukjson v/ formidlingsansvarleg Tilman Hartenstein
9. 30 Vise og virkelighet. Føredrag ved Hanne Weisser. Høve til spørsmål
10.45 Kaffipause
11.00 Draumkvedet framført av Agnes Buen Garnås († 2024), i opptak frå Gjerpen kyrkje 1986 (video)
11.45 Omvising i Eidsborg stavkyrkje
12.30 Lunsj
13.15 På utferd med galne drøymarar. Draumkvedet møter «mad songs». Føredrag ved Ingrid Skjerdal. Høve til spørsmål
Tom O’Bedlam er ei anonym engelsk vise lagd i munnen på den vise dåren Tom, som har lagt ut på vandring frå eit asyl i London. «Dette galne ferdadiktet liknar Draumkvedet meir enn Dante-visjonen gjer» skriv Georg Johannesen i essayet Draumkvede 1993, utan å utdjupe vidare. Engelske viser og visjonar har vore framme i Draumkvedeforskinga sidan 1800-talet, men samanlikninga med ein av 1600-talets mest kjende «Mad songs» , er overraskande. Kva kan Johannesen har meint med dette? Er det berre eit retorisk grep for å få fram at Draumkvedet og Den guddommelege komedien ikkje liknar kvarandre i det heile? Eller har riddaren Olav Åsteson og den fillete Tom noko felles? Eg vil undersøke kva som kjem fram om ein lét Olav møte Tom.
14.15 Kaffepause
14.30 Avreise til Fyresdal (private bilar)
15.30 Vitjing av kyrkjegarden til Heggland gamle kyrkje
16.30 Framføring av Draumkvedet v/ Malin Alander og Ole Nilssen i Veum kyrkje
17.30 Slutt
Utstillingar under seminaret i Eidsborg:
«Olav sine draumar» Lydinstallasjon av Natasha Barrett med broderi av Borgny Svalastog
«Draumkvedet etter Maren Ramskeid» Innspelingar med Ellen Nordstoga og Halvor Håkanes (med tekst på skjerm)
Om årets føredragshaldarar:
Hanne Weisser er musikklærar og har i mange år øvd inn Draumkvedet med elevar ved Steinerskulen i Oslo, seinast i år med framføring i Gamle Aker kyrkje. Ho har òg skrive om Draumkvedet i desse bøkane: Folkevisenes fortellinger. Gyldendal 2005, Olifant 2016, 2020; Kunst og undervisning i Steinerskolen. Cappelen Damm 2020; Følgesvenner. Sanger om små og store fortellinger. Olifant 2010, 2011
Ingrid Skjerdal er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Universitetet i Innlandet, og har skrive ei avhandling om mellomalderballaden som impuls i diktinga til tidlege modernistar som Obstfelder og Strindberg. I det siste har ho skrive om saum og vevnad i balladar, om stjerner og månar hos Hauge og rytme og røyster hos Skrede.
Spørsmål og påmelding til: th@vtm.no
Pris: kr. 850,- inkl. konsert i Veum kyrkje.
Deltaking utan konsert: kr. 700,- inkl. lunsj.
Betaling gjerast under seminaret.
Pris for berre konserten: 200,-. Betaling ved inngangen til Veum kyrkje (kontant og Vipps).
Ein vil óg kunne følgje seminaret (føredraga) online. Informasjon og lenke kjem på Facebook-sida til VTM seinast dagen før seminaret.
Overnatting:
Dalen Bed&Breakfast, Aasmund Nordgaardsveg 6, 3880 Dalen
dalenbb.com tlf. 928 17 012 info@dalenbb.com
Ca. 10 min med bil til Vest-Telemark Museum Eidsborg.
Morgedal Hotel, Haugivegen 4, 3848 Morgedal
morgedal.no tlf. 35068900 post@morgedal.no
Ca. 25 min med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.
Morgedal Gjestehus, Haugivegen 4A, 3848 Morgedal
gjestehus.com tlf. 469 63 631 morgedal@gjestehus.com
Ca. 25 min med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.
Straand Hotel, Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal
straand.no tlf. 35 06 90 00 straand@straand.no
Ca. 1 time med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.
Fyresdal Bed&Breakfast, Lensmannsgata, 3870 Fyresdal
fyresdalbb.com tlf. 951 62 910 post@fyresdalbb.com
Ca. 1 time 15 min med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg, ca. 15 min til Veum kyrkje
Årets seminar om Draumkvedet i Eidsborg (29 Mar 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Lørdag | 09:00 | - 17:30 |
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…