I 2025 er det 200-års jubileum for skipioneren Sondre Norheim frå Morgedal.
Historia om far til den moderne skisport, Sondre Norheim, er kjent over ei heil skiverd. Sondre Norheim, født på Øverbø i Morgedal 10.juni 1825, utvandra til Nord Dakota og dør ute på prærien 9.mars 1897, la grunnlag for utviklinga av skisporten slik me kjenner han i dag.
Hans lidenskap for å leike på ski og kunne utfordre seg sjølv i brattaste bakkar og ufser var starten på utvikling av skiutstyret. Med innsvinga ski og hælbinding kunne Sondre løype der ingen andre hadde løypt før. Han løypte telemarksvingar i lausnonen og landa fjellstøtt med telemarknedslag etter å ha hoppa fleire meter.
Skiløyping slik Sondre utvikla det, blei leik og kunstnarleg utfalding.
Fredag 31.januar
Kl 17:00 Kafeen på Norsk Skieventyr opnar
Kl 18:00 Oppmøte på Øverbø
Servering av gløgg og utdeling av faklar
Kl 19:00 Fakkeltog ned til Norsk Skieventyr
Kl 20:00 Pizza og drikke på museumskafeen Norsk Skieventyr. Lansering av jubileumsøl frå Vinje Bryggjeri.
Kl 21:00 Den store Morgedal quizen med skihistorie og bygdesladder😊
Praktisk info: Parkering på Norsk Skieventyr, i krysset til Bjålandsvegen eller på Bjåland. Felles fakkeltog kl. 19:00 etter servering av gløgg.
Påmelding av lag til pizzakveld og Morgedalquizen på e-post til morgedalhotel@unikehoteller.no Pris kr 225,- pr. pers.
Laurdag 1.februar
Kl 12:00 – 16:00 Aktivitetsdag i sentrum. Open kafé, butikk og museum på Norsk Skieventyr.
Skeiser, ski, hundespann, skimaking, testing av treski og Tomsen Novaski.
Gratis inngang på Norsk Skieventyr.
Servering av lunsj på museumskafeen
Kl 15:00 – 17:00 Afterski og ølbollerenn i bakken.
Kl 17:00 – 20:00 Buffé på Morgedal Hotel. Underhaldning.
Kl 21:00 Dans i baren på Morgedal Hotel med levande musikk.
Praktisk info:
Køyring med hest og slede og hundespann har start ved Skieventyret.
Det blir løyping i hotellbakken. Ta gjerne med dine eigne ski. Ynskjer du å teste treski, ta med eigne skisko. Har du lyst på nye utfordringar, Tomsen stiller med Novaski. Ta med skøyter og bli med på ishockey på Morgedalstjønni.
Dagen blir avslutta med ølbollerenn på treski med vidjebinding. Rennet er for både store og små.
Pris for buffet og dans på Morgedal Hotel:
Vaksen: kr. 595,-
Born 6-12 år kr. 295,-
Born 3-6 år kr. 195,-
Bordbestilling sendast til morgedalhotel@unikehoteller.no eller tlf. 35068900
Sundag 2.februar
Kl 11:00 - 17:00 Kafé, butikk og museum på Norsk Skieventyr er ope. Gratis inngang på museum.
Kl 10:00 Topptur
Toppturen blir avklart utifrå vær og føreforhold. Ta med eige skredutstyr om du har. Me stiller med kjentfolk og med diverse treski om du ynskjer å teste det. Oppmøte ved Norsk Skieventyr kl. 10:00. Felles transport. Påmelding på e-post til tarjei@morgedal.com.
Arr:
Morgedal Hotel, tlf. 35068900, e-post: morgedalhotel@unikehoteller.no www.morgedal.no
Bjaaland Bygderestaurant, tlf. 46963631, e-post: bjaaland@bygderestaurant.com www.bygderestaurant.com
Norsk Skieventyr AS
Vest-Telemark Museum, tlf. 35069090, e-post: post@vtm.no, www.vtm.no
Morgedal Idrottslag.
Telemark (31 Jan 2025 - 2 Feb 2025) |
---|
Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…