Utforsk Telemark

English

Norsk

Open utstilling og skinnfellarbeid

TypeMuseumsarrangement

Meieribakken 1, 3870, Fyresdal

Legg Open utstilling og skinnfellarbeid til i reiseruten din.

Ingun Momrak-Haugan vil vise fram forskjellig arbeid med skinnfellar i Øyskogen.
  • Ingun Momrak-Haugan vil vise fram forskjellig arbeid med skinnfellar i Øyskogen.
  • Ingun Momrak-Haugan vil vise fram forskjellig arbeid med skinnfellar i Øyskogen.

Om

Kvar laurdag i juli vil Fyresdal bygdemuseum i samarbeid med Vest-Telemark museum ha aktivitetsdag i Øyskogen. Fyresdal er ein kommune rik på handverk og tradisjon. Museet vil ha open utstilling med guide laurdag (og sundag!) kl. 11-17 desse helgene, og kvar laurdag vil me presentere lokale bedrifter og utøvarar av tradisjonshandverk, som stiller ut varer og produkt for sal og bestillingar. Øyskogen vil vere open for alle besøkande desse dagane!

Utstillinga i museumsbygget er basert på boka «Red River Girl» og fortel historia om ein familie som utvandrar frå Fyresdal til Amerika i 1860. Der blei dei grunnleggjarar av «Buffalo River Settlement», ikkje langt frå dagens byar Fargo og Moorhead, i 1871. Historia er fortalt gjennom bilete laga av kunstnaren Orabel Thortvedt som er 3. generasjon innvandrar i denne familien.

Ingun Momrak-Haugan driv med skinnfellar, der ho trykkjer og syr på saueskinn frå eigne sauer. 13. juli vil ho vise fram forskjellig arbeid med skinnfellar i Øyskogen. Ingun vil óg drive med småarbeid som saum av skinnhjarte. Ho tek med seg utstyr slik at du også kan få prøve dette handverket! Det blir anledning til å kjøpe produkt ho har med, og ho tek og imot bestillingar.
Skinnfellarbeid var tidlegare eit raudlista handverk.

Instagram: ingun.momrak.haugan

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er…

    264 m Unna
  2. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    21.19 km Unna
  3. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    26.27 km Unna
  1. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    31.06 km Unna
  2. Kviteseid gamle steinkyrkje

    Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…

    31.20 km Unna
  3. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…

    31.54 km Unna
  4. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    31.55 km Unna
  5. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

    31.57 km Unna
  6. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    31.61 km Unna
  7. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    31.76 km Unna
  8. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    31.79 km Unna
  9. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    32.31 km Unna
  10. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…

    37.68 km Unna
  11. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    37.68 km Unna
  12. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    38.21 km Unna
  13. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    43.07 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av