Både skinn og ull har vore viktige materiale for å halde varmen i nordområda. Garden Øvre Funner i Hjartdal er ein liten familiebedrift: Funnerfellen. På småbruket driv dei med sau. Funner-familien blei veldig fascinerte av det gamle skinnfellmakaryrket som heldt på å forsvinne, og såg ein måte å skape noko varig av saueskinna.
Med industraliseringa blei tekstilproduksjonen maskinell og andre materiale overtok. Funnerfellen har vore ei motkraft til dette med råmateriale frå naturen, der alt arbeidet blir utført for hand, og kan slik sjå arbeidet sitt i eit miljøperspektiv. Å gå tilbake til dei eldre materiala skånar miljøet ved at det er varige, vakre naturprodukt som til slutt er nedbrytbare. Sauene er ei viktig brikke i kulturlandskap og kretsløp i området. Gjennom å nytte skinnet til å lage fell blir heile dyret teke i bruk, noko som gjev god ressursutnytting.
Då Funnerfellen starta med skinntrykk rett før årtusenskiftet, var det mange som aldri hadde høyrt om skinnfellmakaryrket, og det var vanskeleg å få tak i trykkblokkar. I Hjartdal viste det seg å vere fleire gamle skattar gøymd på sengebotnen. Funnerfellen fekk tilgang på skinnfellar med eldre skinntrykk frå lokalmiljøet. Slik har dei funne fram til lokale mønster og rekonstruert trykkblokkane. I våre dagar blir det meste digitalt utført, men på Funnerfellen er absolutt alt gjort for hand. Det at skinnfellrosene ikkje er perfekte kjem av at dei er handlaga, og dette gjer noko med det ferdige uttrykket.
I gamle dagar var folk avhengige av naturen og hadde ærefrykt og gjerne ei dose med overtru som vi også kallar det i dag. I Eldre tider var det ikkje uvanleg å prøve og opparbeide seg velvilje hos naturkreftene gjennom ulike rituale og symbolbruk, alt for å beskytte seg mot vonde makter og søke hell og lykke. Ettersom naturvitskapen har gitt oss ny innsikt om naturkreftene, så har haldninga til naturen endra seg, og dei gamle magiske teikna frå folketrua har gått over til å bli bruka som rein dekorasjon. På Funnerfellen kjenner dei til tru og overtru knytt til mønstra.
Lær meir om dette gjennom eit besøk på Funnerfellen, der du kan kjøpe unike gåver til heimen. I eldhuset på garden er det både arbeidslokale og utsal. Her trykker dei vakre mønster på skinnfellar. Fellane har mange bruksområde og blir mellom anna til sitjeunderlag, putetrekk, voggefellar, benkefellar, sengeteppe og slumrefellar.
Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og…
Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…
I 1880-åra vart det funne gull ved garden Blika i Svartdal. Det vart muta for gruvedrift…
Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…
Nutheim Galleri
I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…
Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…