Ingvill Buen Garnås er formidlar ved senteret, og lærer villig vekk om artsrike slåtteenger, frodige styvingstre, bygningsarv og andre kulturminne i landskapet. Ho er også folkesongar og krydrar gjerne foredraga sine med song- og forteljartradisjon som høyrer naturleg til i samanhengen. Både dei historiske og dei framtidsretta verdiane i det allsidige levande jordbrukslandskapet står sentralt i Kulturlandskapssenteret si formidling. Ingvill har lang fartstid som formidlar, og snakkar eit språk som når fram til både fagfolk og «folk flest».
Vegen gjennom bygdene Hjartdal, Svartdal og Flatdal, har fått namnet Sogevegen (Landlore Lane). Det kjem seg av at området er over måte rikt på soger, det vil seia forteljingar om landskap og levde liv, natur og overtru. Bondeopprøret i 1540 og seinare alle folkeminnesamlarane og kunstnarane som kom til området, er også særeigne og spennande forteljingar frå denne delen av Telemark. Ved Kulturlandskapssenteret kan du få høyre litt om alt, eller velje sjølv kva du vil høyre mest om. Senteret trekker også ofte inn lokale krefter, som Olav Tho med all sin kunnskap om lauving og lokalhistorie generelt.
Besøksdelen til Kulturlandskapssenteret finn du like ved Hjartdal kyrkje, fordelt i lokala til Holm landhandel og Kulturlandskapsskulen 200 meter ovanfor (Rogrendvegen 13, 3690 Hjartdal). Landhandelen og Kulturlandskapsskulen har dei same opningstidene gjennom sommarsesongen (juni-august).
Inngangsbillett til utstillinga i Kulturlandskapsskulen er 50 kr per person, gratis for dei under 18 år. Billett kan handlast i kassa på landhandelen eller ved Vipps til 749661.
Heile året tek senteret også i mot grupper og skreddarsyr opplegg etter avtale. Eit besøk ved Kulturlandskapssenteret kan bestå av eit innleiande foredrag og ei omvising i gangavstand frå Holm landhandel/Kulturlandskapsskulen, eller det kan leggast opp som ei vandring eller utflukt til utvalde lokalitetar i nærleiken.
Prisen for eit opplegg med foredrag og/eller omvising er 200 kr per person, min. 10 personar/2000 kr.
I 1880-åra vart det funne gull ved garden Blika i Svartdal. Det vart muta for gruvedrift…
Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare…
Nutheim Galleri
I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Into the Landscape
International workshop 25th of September to 4th of October with Sami…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vært knyttet til eventyr, folkeviser og…